Om meg og mitt arbeid

Med strengen og det strikka råmaterialet modellerer eg skulpturar og objekt eller arbeid for vegg og installasjonar i rom. Jobbar oftast med tema for utstillingar og har lenge leita etter uttrykk og form for å få fram forteljingar om saker eg synst er viktige i samfunnet og det å vera menneske i vår tid.

Tidlegare jobba eg mest med skulpturelle objekt surra av ståltråd til installasjonar (Fyll opp mitt tomme krus, HKS 1997 og Oss i Bergens Kunstforening 2000, her med sølvtråd.)

Sidan 2002 har eg hovudsakleg strikkar metervare av metalltråd for så å modellere, kneppe og sy bilde og skulpturar eller laga objekt til installasjonar i rommet.

I ein lang periode har  eg jobba med menneskeskikkelsar (Solstrand hotell  2012) og portrett (Amalie Skram og Torborg Nedreaas, Litteraturhuset i Bergen 2013). 

Utstillingane er oftast tematiske med eit litterært eller politisk utgangspunkt. På utstillinga mi Heim på Bryggens Museum 2016- 2017 var temaet, flyktningar og folkevandring. På utstillinga mi Mot i Stord Kunsthall, opning 8.mars 2019, portretter og heilfigur bilde av sterke og modige kvinner.  

Frå 2020 har eg arbeidt meir med farga metalltråd, gjerne lag på lag med ulike fargar som ein transparent akvarell. I dette arbeidet vert eg inspirert av landskap, natur, planter og småkryp til havs og til lands og etterstevar eit kjenslevart uttrykk.

Arbeid mine er innkjøpte til offentlege og private utsmykkingar, og eg har hatt fleire oppdrag  frå Universitetet i Bergen, skulpturelle objekt til illustrasjonar i kultur- og naturhistoriske utstillingar (m.a. Pollenkorn til den permanente utstillinga Naturhistorisk Museum).

Eg er utdanna ved tekstilavdelinga Statens Kunsthøgskole, Bergen 1983-1988 og Vestlandets Kunstakademi, maleri frå Fria Konstskolan Helsinki, Finland 1988/89. Eg har hatt Statens kunstnarstipend, senior, 2014- 2022.

Eg er fødd i den vakre bygda Ølve i Kvinnherad, forferdande var fartybyggjarar og bønder og formødrene, hekla, strikka og gjorde vakkert handarbeid ved sida av gardsdrifta. Eg hadde ein omveg på Sosialhøgskolen og sosialt arbeid fram til eg våga å satsa på kunstutdanninga.