Røynsle - Bø i Vesterålen - 2021-2022

RØYNSLE  2021-2022 Friluftsgalleriet Bø Museum Vesterålen / Bø rådhus,( vinterhalvåret).

AirV prosjektet vart utgangspunkt til studiar av Regine Normann (1867-1939) sitt forfattarskap og liv.

Eg såg motet hennar og kampen for at kvinner kan frigjera seg frå kvelande ekteskap, kjærleiken for dei svake, for naturen og heimstaden. Ho skapte seg eige liv som lærar og forfattar og mangeårig medlem av styret i  Den norsk Forfattarforeining. Eg ville laga portrettet av henne som den dronninga ho var inn i landskap frå Bø.

Nordlandsfarten: Frå 1870 åra til tidleg 1900 var det mykje kontakt mellom mine heimetrakter, Sunnhordaland/Hardanger og Nord-Norge. Vestlendingane bygde store Jakter som dei sigla nordover for oppkjøp av sild og fisk.Eg voks opp med forteljingar frå denne tida og ville i dette bildet minna oss på denne kontakten mellom Vestlandet og Nord-Norge.

Materiale: strikka og moddelert metalltråd sydd fåst på seglduk.Stoleik 1,50x2,50 Foto: Christoph Bouvier, detalj Marta Nerhus

Next
Next

Masfjorden - 2020 - Syn